Barnehagen er ein gardsbarnehage, og i ordet ligg det visse føringar. Barnehagen brukar garden og miljøet rundt barnehagen som det overordna satsingsfeltet i alle aktivitetar me gjer. Garden er ein ressurs og ein læringsarena. Dagleglivet på garden, inkludert dei som bur på garden, vert ein del av barnehagekvardagen. Når ein går i Haugland gardsbarnehage skal ein merka at ein er i ein gardsbarnehage.
Barna må lære at melka kommer fra kua og ikke kjøledisken.
At barna lærer at de er en del av et større system, og at de får et større perspektiv ut over seg selv er et viktig tema for mange gårds- og naturbarnehager. Barnehage.no
Kathrine Haugland er eier og styrer i Haugland gardsbarnehage, og styremedlem i Nettverk for gårds- og naturbarnehager.
Pedagogikk
Barnehagen er ein gardsbarnehage, og med dette skal garden vera satsingsfelt. Me følgjer garden sitt årshjul med hausting, såing, siloslått, kalving, lemming etc. Me brukar ordet husmannspedagogikk når me skal forklara kva pedagogisk retning me heller til.
Husmannspedagogikk handlar om å vera stolt av plassen sin, ta godt vare på den og utnytte alle ressursar. Det handlar også om gjestfrihet og omsorg, om kjærleik til naturen, forståinga for årstidene og kretsløpet og respekt for samspelet mellom naturen og menneska.

Visjon
Vår visjon er «Små steg – store spor». Denne visjonen gjenspeglar vår måte å arbeida med barn på og på kompetanseheving blant personalet. Me meiner at ved å ta små steg, kan me utretta store ting.
Summen av alt me gjer med barna set store spor hjå barnet og den vaksne. Me arbeider med små steg for å nå eit større mål og dei små kvardagstinga utgjer store spor.
Det er viktig å trø varsamt fram ved tileigning av kunnskap, å omgås andre menneske, og ved måloppnåing. Dersom me skal endra praksis, er det viktig å prøva seg forsiktig fram. Det er då lettare å endra kurs om det ikkje går slik som me har tenkt. Dette er det viktig for oss å formidla i relasjonar med barn og vaksne.

Verdiar
Me ynskjer å formidla omsorg, respekt, toleranse og anerkjenning for enkeltmennesket. Me ynskjer å formidle respekt og forståelse for dyreliv og naturen rundt oss. Me ynskjer å formidle at du skal vera mot andre som du vil at andre skal vera mot deg. Me arbeidar ut frå at:
|
|
Haugland gardsbarnehage og Regionalt matmanifest for Rogaland:
Matmanifestet ynskjer å fremma sunt kosthald basert på lokale råvarer, bidra til god matkultur og måltidsglede. I tillegg skal det skapas forståing for kor maten kjem frå og korleis den vert produsert.
Vind, jord, hav og landskap skal verdsetjast høgt. Det er vår kulturarv me skal ivareta.
Barnehagen ynskjer å etterkoma verdiane til Matmanifestet gjennom å vera tydelege i bevisste val når det gjeld mat, matproduksjon og berekraftig utvikling.

Helse
Trygg tilknytning er viktig for barn si psykiske helse. Dette gjeld ikkje berre i ein oppstart og tilvenningsperiode, men det gjeld heile barnehagetida. Det er viktig at personalet i barnehagen ser barnets behov etterkvart som barnet vert eldre. Psykisk helse for barn, og menneske generelt, er viktig i eit læringsmiljø. Barn klarer ikkje ta til seg kunnskap og ferdigheiter som samspel, leik og læring om dei ikkje har god psykisk helse.
Våre arbeidsmåtar er knytt til formelle og uformelle læringssituasjonar i vårt pedagogiske arbeid. Me er aktive i forhold til barna sine læringsprosessar. Personalet som rollemodell deler av sin kunnskap, engasjement og kreativitet. Læring og omsorg skal vera prega av kvalitet i samspel mellom barn og vaksen.
Barnehagen arbeidar aktivt ut frå COS (Circle of security) sitt tankesett om trygg tilknyting som føresetnad for læring, trivsel, glede og vekst. Enkelt forklart kan me sei at dei vaksne i barnehagen er hendene på trygghetssirkelen. Me skal støtta barnet i si utforsking, gje hjelp og støtte, samt vere klar til å ta imot barnet når det trenger trøyst, omsorg og eit fang å sitte på. |
Me er ein Marte Meo-praktikar barnehage. Marte Meo-metoden brukar filming av samspel mellom barn og omsorgsgjevar som grunnlag for veiledning for å få til det viktige samspillet mellom barn og vaksne. Viktige element i samspelet vil vera: Inntoning, sjå etter initiativ, bekrefta initiativet, benevna initiativet, setta ord på, forbereda, delt glede, turtaking, rytmen i dialogen, markere overgang, triangulering, positiv leiing. Me meinar at når vaksne arbeidar etter desse elementa, er dette med på å gje barn i barnehagen livsmeistring og god psykisk helse.